Driftsform(er): Småbruk/sau
Driftsareal: 195
Prisantydning: kr. 1590000,-
Prisantydning leie: kr. ,-
Bruksnummer: Gnr 24 bnr 11 og 18
Eigedomen består av 3 bygningar: Einebustad/Våningshus over 3 plan som er innreidd slik: Underetasje: Vindfang/gang, soverom, vaskerom, bad og 2 boder samt skyvedørsgarderobe i gang. Fyrste etasje: Vindfang, gang, bad, soverom, 2 stover og kjøkken. Andre etasje: Gang, bad, stove og 2 soverom. Driftsbygning: Påbygd i 1984. Nytt tak i 2002. I gamle delen er det fjøs med lav takhøgde. Har vore nytta til storfe, men det er ikkje aktuelt idag. Stor silo i betong og betongstein Over gammal gjødselkjeller er det innreidd ein verkstad. På sida av lødebrua er det eit lite reidskapsskur. Nyedelen er innreidd med fjøs for sau. I andreetasje er det høytørke. Fordelingskanon står i den gamle delen. Naust: Naust av noko eldre dato med grovt røysverk og sperretak. Noko oppussing/ renovering må påreknast. Oppmodar alle innterreserte å kontakte meklar for takst med utvida informasjon. Bustaden held normat god standard og har seinare år vore pussa opp. Bad: Underetasje: Enkelt bad med dusj, servant og wc. Euroflex/terraflex på golv. Fyrste etasje: Badet er av nyare dato med flislagde golv og veggflater. Varmekabel. Utstyrt med boblebadekar, dusjhjørne med masasjefunksjon, wc og romsleg baderomsinnreiing med heildekkande servant. Andre etasje: Enkelt bad med måla golv, våtromsplater på vegg. Utstyrt med dusj på vegg, servant og wc. Kjøken: Romsleg kjøken med innreiing av nyare dato. Svært god benke og skåpplass. Kvitevarer på kjøken fylgjer med ved sal. Innvendige overflater: Golv: Flis i vindfang u.etg samt på bad 1.etg. Ellers i all hovudsak laminat og bellegg. Noko bordgolv av furu. Veggar: Flis på bad 1.etg. Elelrs i all hovudsak plateveggar med tapet/måling. Noko brystningspanel og panel. Himling: I all hovudsak lyse himlingar i form av strekt målarpapp og kvite takplater. Noko panel.
Eigedomen ligg på Leikanger med flott utsikt over Vanylvsfjorden og ut Vanylvsgapet mot storhavet. Usjenert beliggenheit. Gangavstand til skule, barnehage og Leikanger sentrum med butikkar. Ca 15 km frå kommunesenteret Selje.
Tove Molnes Husabø
700 55 500
http://www.kragseteigedom.no
andre@kragseteigedom.no
Dyrka mark: 51 dekar
Skog: dekar
Totalt: 195 dekar
Driftsform(er): Småbruk/sau
Opplæring:
Det er ikke odelsplikt på gården
Andre Kragset
Kragset Eigedomsmekling
Telefon:
Mobil: 47808585
Epost: andre@kragseteigedom.no
Registrere gardsbruk /
Salg og leie /
Ønskes kjøpt /
Ny bonde? /
Om Gardsbruk.no
© Garsdbruk.no - Alle rettigheter er reservert